
Kaffimaskiner
till café, kontor, resturant mm
Kanskje er du på jakt etter betre kaffi til kontoret ditt, eller er ein ambisiøs kafé eller restaurant som har behov for profesjonelt kaffeutstyr. Vi er ein partnar som kan hjelpe deg med kaffi som smaksløkane dine vil setje pris på. Hos Sognefjord Kaffibrenneri brennar vi ikkje berre førsteklasses handverkskaffe – vi leverar også kaffi og installerar profesjonelt kaffiutstyr til kontor, kafear og restaurantar over heile landet. Med lidenskap for faget og mange års erfaring tilbyr vi løysingar som gjer kvardagen enklare og kaffien betre.
Maskinene som løftar kaffipausen
Jura sine profesjonelle maskiner er utvikla for arbeidsplassar og miljø med jamn bruk gjennom dagen, og leverer espresso, kaffe og mjølkebaserte drikkar med stabil kvalitet. Maskinene har intuitivt display og krev minimalt med opplæring. Automatisk reinseprogram og integrerte mjølkesystem gjer dei enkle å drifte.
La Marzocco er kjend for handbygde espressomaskiner med høg presisjon og temperaturstabilitet. Dette er maskiner utvikla for kafear, hotell og serveringsstader der kvalitet og estetikk er like viktig som kapasitet. Designet er tidlaust og solid, og fungerer både som arbeidsverktøy og blikkfang.
De Jong-maskiner er robuste løysingar med høg produksjonskapasitet, tilpassa større arbeidsplassar og serveringsmiljø. Dei handterer både ferskbrygga kaffe, espresso og ulike spesialdrikkar – med rask levering og jamn kvalitet. Dei har brukarvenleg grensesnitt og effektiv sjølvreinsing, noko som gjer dei enkle å administrere.
Kontaktskjema
Ikkje nøl med å ta kontakt – vi hjelper deg med utstyr som leverer ein verkeleg god kopp kaffi


