Om oss

Smakfullt håndverk sidan 2017

Vår historie

Eg kjem aldri til å gløyme august-dagen i 2017, då det plutseleg sto ein 600kg tung kaffibrennar utanfor lokalet i Sogndal. Sognefjord Kaffibrenneri skulle bli ein realitet! Frå første dag har tanken vore klar: å brenne kaffi av høgaste kvalitet, med respekt for bønnene, produsentane og dei unike smakane dei ber med seg. Vi ville tilby ferskbrend kaffi som både fortel ei historie og gir ei oppleving i kvar kopp. Reisa har vore full av utfordringar, læring og utvikling, men alltid driven av den same lidenskapen – å løfte fram kaffi som noko meir enn ein kvardagsdrikk. Med utgangspunkt i Sognefjorden, omgitt av fjell og natur, har vi bygd opp eit brenneri som i dag leverer til både privatkundar, kafear og bedrifter over heile landet. Sognefjord Kaffibrenneri handlar om handverk, kvalitet og nysgjerrigheit – men aller mest om gleda over å kunne dele kaffiopplevingar med andre.

Vår historie

Det Gule Huset

I 2025 opna vi dørene til Det Gule Huset – ein kaffebar og møteplass midt i Sogndal. Her kan du oppleve smaken av vår ferskbrente spesialkaffe, servert i hyggelige omgivelser.

Det Gule Huset