Adventskalender 24 kaffi
- merchandise_category
- GENERAL_MERCHANDISE
Adventskalender 2025 Sidan fleire av dykk har spurt etter førehandsbestilling av årets kalendar så lag eg den ut for salg no. Vi set stor pris på tilbakemeldiingane frå i fjor og ser fram til å forbetre den ytterlegare i år! Nyt dagane fram mot jul med 24 ulike kaffi frå adventskalendaren vår! Kvar dag får du ein ny kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri og dei andre topp-brenneria frå Vestlandet. Vi har fått med oss Bergen Kaffebrenneri og Jacu på morroa! Vi inkluderar 45 gram kaffi i kvar luke, noko som passar godt til 0,75l kaffi om dagen. Dersom du er interessert i å lære meir om ulike kaffi er dette ein perfekt anneldning for deg. Kvar dag publiserar vi info om dei ulike kaffi, vær det seg opprinnelsesland eller prosesseringsmetode. I kalendaren inkluderar vi alt frå bærtørka Etiopiske kaffi, til vasket Peru og alt i mellom! Her får du muligheten til å smake mange ulike spesialkaffi på kort tid fram mot jul. Vi sender ut kalendaren kring 20. November. Kvar dag legger vi ut informasjon, bilder eller video om dei ulike kaffiane - følg med på heimesida eller Instagram. For meir info - følg med på instagram.