Koffeinfri Colombia
Kun tilgjengelig for bedriftskunder
Beskrivelse
Koffeinfri kaffi! Endelig har vi funnet ein kaffi som smaker bra! Det er ei glede å presantere ein kaffi som kan drikkast heile døgnet, og i uante kvantum! Opphavsland: Colombia Småbønder Sørvest i Colombia. Colombia Sugarcane Decaf – Huila Denne koffeinfrie kaffien er avkoffeinert med den såkalla sugarcane-metoden, ein naturleg prosess der ethyl acetate (EA) – utvunne frå colombiansk sukkerrøyr – blir brukt til å fjerne koffein frå grøne kaffibønner. I korte trekk blir bønene først fukta og deretter bløytte i vatn og ethyl acetate. Stoffet bind seg til koffeinet og trekkjer det ut, medan det meste av smakskomponentane blir verande i bønna. Prosessen blir gjenteken fleire gonger til rundt 97 % av koffeinet er fjerna. Til slutt blir restar av ethyl acetate fjerna med damp, før kaffien blir tørka, reinsa og klargjord for eksport. Det som gjer sugarcane-metoden spesielt godt eigna for colombiansk kaffi, er at han bevarer – og ofte forsterkar – den naturlege sødmen og friskheten i koppen. Under brenning fordampar ethyl acetate fullstendig, men sødmen blir verande. Kaffien kjem frå Huila, ein av dei mest anerkjende kaffiregionane i Colombia, med over 70 000 kaffibønder. Her veks kaffi i fjellandskap med stabile temperaturar, rikeleg nedbør og fruktbar jord. Vanlege sortar i området er Typica, Caturra og Castillo. I koppen får du ein balansert, rein og søt koffeinfri kaffi – eit fullverdig alternativ for deg som vil ha smak utan koffein.
Kaffeopprinnelse og prosessering
Kategori
Single Origin
Brenningsgrad
Medium_light
Koffein
Normal
Cupping Score
85/100