Costa Rica - Tarrazu (Vasket)
Kun tilgjengelig for bedriftskunder
Beskrivelse
Costa Rica - Tarrazú Produsent: La Pastora - CoopeTarrazú Høgde over havet: 1200 - 1850 Botanisk art: Catuai & Caturra Rund kaffi med hint av tørka frukt, sjokolade og kakao Costa Rica har åtte kaffidyrkingsområde, der det mest kjende er Tarrazú. Området ligg mellom Stillehavet i vest og fjellkjeda Cordillera Central i aust, og er kjent for frodig og vakker natur. Framfor alt er Tarrazú eit ideelt område for dyrking av kaffi. Høgda over havet og sedimentær jord gir kaffien den mjuke, fine syrlegskapen regionen er kjent for, medan Pirrís-elva sørgjer for tilgang til reint vatn. ooperativet CoopeTarrazú vart etablert i 1960 og er vel etablert i regionen. Før dette fanst det ikkje lokale våtmøller, og bøndene måtte selje kaffi gjennom mellomledd. Lite kunnskap om kaffiproduksjon førte òg til låge avlingar. I dag er CoopeTarrazú det største kooperativet i regionen, med over 5000 medlemmer som leverer kaffibær til den felles våtmølla. Kooperativet arbeider for auka produktivitet gjennom kurs og rådgjeving på gardane. Medlemmene har òg sterkt fokus på sosial utvikling i lokalsamfunna og miljøvennlege praksisar som resirkulering, bruk av fornybar energi og redusert vassforbruk. Tarrazu er verdskjent for å produsere mykje god kaffi takka vere gunstig jordsmonn og klima. Dei høge høgdene og kjølege nettene gjer at kaffibæra modnast sakte, noko som gir tettare bønner av typen Strictly Hard Bean (SHB). Nb. Avvik frå bildet - denne kaffien er vasket.
Kaffeopprinnelse og prosessering
Opprinnelse
Costa Rica, Tarrazu
Sort
Catuai & Caturra
Prosessering
WASHED
Kategori
Single Origin
Brenningsgrad
Light
Koffein
Normal